Meny & Drikke i restauranten

1. september 2015 kjøpte Heine og Ragnhild det gamle apoteket frå 1920 i Meierigata 4 i Bryne sentrum for å drive restaurant. Her tar vi i mot bestillingar frå 2 til ca 50 personer frå måndag til og med sundag. Menyforslag og pris kan vi sende på e-post ved forespørsel eller sjå lengre ned. All mat er handlaga med lokale råvarer, og borda er alltid dekka med ferske blomar. 

Prisane er gjeldande frå 11.04.2023 

Alle menyar i Apoteket må forhåndsbestillast, og det er ein forutsetning at alle velger same meny.                                                           Vi tar hensyn til allergiar. 

 

Forrettar og supper

Antipasti som dei kaller det i Italia. Me kan og kalla det for fingermat, men med bruk av sporbare råvarer, helst lokale. Crostinis med tomatsalat, terrine med andelever, andeconfit, heime røyka laks, små vårullar, heimelaga spekemat, sylta gulrot, diverse sausar og nybakt brød. Forretten vil verta servert på fat som gjestene forsyner seg av. Ein sosial forrett. Kr 315,-

Røykt og speka laks med urterømme (vi røyker all fisk sjølve). Kr 215,-

Sjølvlaga spekeskinke (hengt 6-8 mnd) servert med dagens garnityr. Kr 225,-

Skaldyrtalerken (reinska skaldyr som kongekrabbe og kamskjel) servert med varm skaldyr saus. Kr 235,-

Ferske kamskjel. Kr 255,-

Torsk i heimelaga spekeskinke på jordskokkpuré. Kr 225,-

Røykt andebryst frå Holte Gård. Kr 235,-

Sterlingkveite på byggrynsrisotto. Kr 225,-

Piggvar og ørretmousse Kr 255,-  

Breiflabb på sauce vierge. Kr 225,-

Skaldyrsuppe servert med dagens utval av skaldyr. Kr 225,-

Tomatsuppe av flavancetomat servert med kylling. Kr 205,-

Blomkålsuppe med sprøtt heimelaga bacon. Kr 205,-

Krema fiskesuppe med fersk fisk og rotgrønsaker. Kr 225,-

Jordskokksuppe. Kr 225,-

Tempurasteikt Softshell crab (mjuk sandkrabbe), tempurastekt grønsaker. Kr 285,-

 

 

Hovudrettar

Grilla kalvefilet servert med lokale småpoteter, dagens grønsaker og kraftig sjysaus. Kr 395,-

Entrecote av Kalv Limousin Unik. Kr 395,-

Omnsteikt hjortefilet, dagens grønsaker, fløytesaus. Kr 395,-

Heilsteikt lammerygg servert med rosmarinsaus og urtebakte grønsaker. Kr 395,-

Andebryst frå Holte Gård servert med grønsakskrem og ferske rotgrønsaker Kr 395,-

Bryst av fersk kylling frå Holte Gård fylt med spinat og urter servert på løksaus. Kr 365,- 

Langtidsteikt Kalveculotte (eit lår stykke) vert servert som kalvefilet kr 395,-

Lammeskank på rotgrønsaker, potetpurè og rosmarinsky. Kr 365,-

Confitert heil lamme-bog, dagens grønsaker, potetmos Kr 395,-                                    ( minimum 5 personer ) 

Indrefilet av svin på rotgrønsaker, potetpurè, pikantsaus og dagens utvalgte grønsaker Kr 355,-

Oksefilet servert med raudvinsaus og dags ferske grønsaker. Kr 395,-

 

Fisk som hovudrett, garnityra vert satt utifrå sesong og tilgang 

Sterlingkveite, byggrynsrisotto, grønsaker, smørsaus. Kr 375,-

Piggvar og ørretmousse Kr 395,-  

Torsk, smørsaus, grønsaker, potetmos. Kr 375,-

Soyasteikt breiflabb. Kr 395,-

Krema fiskesuppe som hovudrett med fersk fisk og rotgrønsaker. Kr 335,-

Ta kontakt for ein meir utfyllande meny og informasjon. 

 

 

Dessert på tallerken

kr 155,- 

Pasjonsfrukt- pudding. 

Sjokoladekonfektkake og sorbett. 

Appelsin og limeterte. 

Pannacotta G -35 (laga av brunost G-35, slik at den smakar mildt karamell). 

Sjokolademousse med krydderkokt pære. 

Ostekake med rørte jordbær. 

Varm sjokoladekake med heimelaga vaniljeis (sjokoladefondant). 

Crème Brülè. 

Dagens / sesongens utvalte bær på vaniljekrem. Servert lagvis i glas. 

Dessert som ein tapas (et rikt utval av dessertar). Kr 295,-

4- retters middag. Kr 885,-

5- retters middag. Kr 985,-

6- retters middag. Kr 1085,-

7-retters middag. Kr 1185,-

Dersom «Antipasti» eller dessert som ein tapas blir brukt i større menyar blir det eit tillegg på kr 125,-

Du kan sjølv sette saman større menyar, eller du kan be oss gjere det.  

Alle prisar er pr. person og inklusiv mva.

       

Medbrakt mat kun etter avtale, mot gebyr. Dette gjelder kun kaker.     

Gi oss beskjed om eventuelle allergiar så vil vi ta hensyn til det

 

 

 

Drikkevarer

Vi har vinkjellar som i utgangspunktet er jordkjellar her i Apoteket. Den holder naturlig temperatur på 10-16 grader gjennom heile året med god fuktigheit.

I dag har vi over to hundre forskjellige titlar og årgangar på vårt vinkart. Og i vinkjellaren ligger det over 2000 flasker for lagring, og vi utvidar stadig. Her skulle det være noko for alle ganar.

Vårt satsningsområde har hovudsakelig vært Italia og Frankrike med Bordeaux og Burgund i spissen. Vi har vært så heldige og få tak i vinar i forskjellige årgangar frå dei beste produsentane i verda, noko vi er stolte over å kunne tilby. Men, du finn også myekje anna godt frå andre land på vårt vinkart, samt norske gode varer. 

Ønsker du en liten tur i vinkjellaren for å sjå utvalet eller plukke vin til måltidet, så gjer vi meir enn gjerne det om tiden tillatar det. For best mulig servering av våre kjellarvinar anbefaler vi å førehandbestille disse slik at vi kan ta dei opp for temperering/lufting.