Vår historie
Heine Grov vart kjøkkensjef allereie som 21-åring ved Noregs første fiskerestaurant, Enhjørningen. Sidan har han arbeidd som kjøkkensjef mellom anna på Thime Station Mad og Vinstove på Bryne, Hotel Admiral i Bergen, Solstrand Fjordhotell i Os og Jæren Hotell på Bryne. Heine er likevel mest kjend som Jærkokken og drivkrafta bak Det jærske kjøkken. Han har tidlegare gitt ut matheftet NY:T i lag med Ruth-Hege Holst, kokeboka Det Jærske Kjøkken (2005) i lag med Målfrid Snørteland og kokeboka Jærkokken (2009).
I 2006 fekk han Bryne Vels trivselspris og i 2009 vart han heidra av Rogaland Bondelag for arbeidet sitt med å løfta fram lokale råvareprodusentar og setja søkelys på kvalitet. Torsdag 11. juni 2009 kom han ut med ny kokebok, Jærkokken.
Ragnhild Oftedal er faglært blomsterdekoratør og det bærer det gamle Apoteket preg av. Vi bruker alltid ferske blomar til alle selskap. I tillegg har vi ein vinkjellar med om lag 1400 flasker kvalitetsvin til greie prisar.
1 september 2015 kjøpte Heine Grov og Ragnhild Oftedal det gamle apoteket i meierigata 4 i Bryne sentrum. Her skal det satsast endå sterkare på få fram lokale råvarer og lokale produsentar. All mat skal være håndlaga. Alt frå spekemat, hermetikk, brød med meir. Frå og med februar 2019 har vi fått til samarbeide med Limousin kalv Unik som er utvalgte lokale bønder som produserer kalvekjøt av beste kvalitet.