Stolte Heine

LITT OM MEG SJØLV

 

Heine Grov vart kjøkkensjef allereie som 21-åring ved Noregs første fiskerestaurant, Enhjørningen. Sidan har han arbeidd som kjøkkensjef mellom anna på Thime Station Mad og Vinstove på Bryne, Hotel Admiral i Bergen, Solstrand Fjordhotell i Os, og har i tillegg vore med på oppstarten av restauranten Nummer Sytten på Bryne. Heine er likevel mest kjend som Jærkokken og drivkrafta bak Det jærske kjøkken. Han har tidlegare gitt ut matheftet NY:T i lag med Ruth-Hege Holst og boka Det Jærske Kjøkken (2005) i lag med Målfrid Snørteland.

I 2006 fekk han Bryne Vels trivselspris og i 2009 vart han heidra av Rogaland Bondelag for arbeidet sitt med å løfta fram lokale råvareprodusentar og setja søkelys på kvalitet. Heine Grov arbeider nå som freelance kokk under namnet Jærkokken, og kan tilby kurs, foredrag og mat til alle anledningar. Torsdag 11. juni 2009 kom han ut med ny bok, Jærkokken.

Nå er basen eit fint kjøkken og gode selskapslokalar i Bryne Rødekors sine lokalar på Bryne.