

Foredraga mine handlar om korleis me kan lyfta fram lokale råvareprodusentar, marknadsføra Jæren som turistmål ved å bruka desse produsentane, og korleis eg bygde opp merkevara Det jærske kjøkken. Foredraga vil ha eit skråblikk på dei muligheitene som finnes. Eg vil med dette venda meg til alle som er opptekne av kva som skjer på matfronten i nærmiljøet vårt.
Og det er sanneleg både nok og godt nok: Kryddene frå Horpestad og Vigrestad, osten frå Voll, aroniasafta frå Sele, tomatane frå Vik, kyllingen frå Hå, den jærske Jarlsbergosten og mange fleire jærprodukt av aller beste kvalitet. Her er det berre å forsyna seg!