

Her ønskjer eg å setja saman menyen i lag med vertskapet. Eg gir rettleiing om passande vinar og har sjølvsagt meny og vin forslag i fleire prisklassar. Råvarene som vert nytta skal vera ”sporbare”, og vera dei beste sesongane kan by på. Smaken vil få eit snev av Middelhavet, og særleg frå landsbyen Villa Faraldi i området Liguria. Her budde og arbeidde kunstnaren Fritz Røed – bryneguten som aldri gløymde heimstaden sin, og som gav oss skulpturparken i Mølledammen.
Om du har kundebesøk og vil gjera noko litt uvanleg kan me velja stad og ramme om eit minnerikt måltid med særpreg.
Nå kan du og kjøpe gåvekort, då kan du velje alt frå menyar til produkt.
Her kjem eg med menyforslag og priseksempel
Ta kontakt for prisar på julemat
Forrettar
Antipasti som dei kallar det i Italia. Me kan og kalla det for fingermat, men med bruk av sporbare råvarer, helst lokale. Crostinis med tomatsalat, terine av svinenakke og andelever, sylta kyllinglår, crostinis med olivenpuré, små vårrullar, sylta grøne tomatar, diverse sausar og nybakt brød mm. Forretten vil verta servert på fat som gjestene forsyner seg av. Ein sosial forrett.
Hovudrett
Langtidsteikt kalvefilet servert med omnsbakt småpotet frå Anda på Klepp, dagens grønsaker, sellerikrem og ein kraftig sjysaus. Eg legg opp hovudretten direkte på tallerken
Dessert:
Sjokoladekonfektkake med kamfersaus
Forrett
Mandelpotetsuppe med ingefærbakt torskefilet servert med finskorne grønsaker.
Hovudrett
Langtidsteikt oksefilet servert med raudvinsaus og dagsferske grønsaker.
Dessert
Krumkake med moltekrem rista valnøtter
Forrett
Kalde laksemedaljongar servert på salat og peparrotkrem
Hovudrett
Heilsteikt lammerygg servert med rosmarinsaus og urtebakte grønsaker
Dessert
Ostekake med rørte jordbær
Forrett
Håkylling på blomkålpuré servert med smørsaus
Hovudrett
Peparsteikt andebryst på heimelaga raudkål og pastinakkrem
Dessert
Krydderpannacotta med bærkompot( laga med julekrydder som kanel og nellik)
Forrett
Fersk torskefilet i st.Kristina skinke servert på jordskokkpuré
Hovudrett
Braisert svinenakke fylt med spinat og salvie servert på purrekompott
Dessert
Créme Brülé
Forrett
Tomatsuppe med koriandersteikt Hå-kylling og vaktelegg frå Haugland
Hovudrett
Lammecaré servert med selleripuré, urtesky og dagens utvalte grønsaker
Dessert
Sjokolademousse md krydderkokt pære
Smårettbufet basert på lokale råvarer, (Tapasbuffet) kr. 375,- pr person
3 – retters kr.485,- pr. person
Lag din egen smårettmeny med oppskrifter og rettleiing frå kr.355,-
Diverse matkurs frå kr.900,- Spesialpris til skular og barnehagar
Stor meny kr.635,- pr. person frå 11 til 15 personar. Minimumspris for antal opptill 10 personar er totalt kr.7000,-
Kokken er inklusiv i prisen
Alle prisar er inklusiv mva.